Walk of Shame

Film · 2014 · · 6. mai 2015
3/5

Skal du lage ein film om ei kvinne som har den verste walk of shame, og attpåtil kalle filmen Walk of Shame, så er du modig. Og du bør gjere det bra for ikkje å verke opplagt og oppbrukt. Iallfall i lys av The Hangover-filmane frå dei siste åra.

Sånn sett er Walk of Shame med Elizabeth Banks ei positiv oppleving. Det er aldri den heilt store filmen, men ein kurant og uhøgtideleg komedie om ei kvinne med maks uflaks. Dette er dagen etter då alt går skeis, og då ho kjemper mot klokka for å rekke eit viktig og brått jobbintervju.

Dagen utartar seg litt typisk. Det er kjent og enkel komedie, men det er greitt utført. Og det er eit lite romantisk innslag på toppen. Samtidig er karakteren til Elizabeth Banks god, og spelt av ei dyktig kvinne. Og eg har ingenting i mot å sjå enkle komediar så lenge dei er gjort med eit glimt i auge og med dyktige folk.

Det hadde noko med forventingar å gjere også. Dei var ikkje så høge etter å ha sett tittel, plakat og lese eit samandrag. Men filmen byr på litt meir enn eg forventa, og det er jo positivt.

Walk of Shame 2014 plakat - Filmdagbok