WALL·E

Film · 2008 · · 8. september 2008
4/5

Ein liten robot som jobbar med å sortere søppel på ein framtidig og forlaten jordklote, blir sendt ut på eit spennande eventyr i WALL·E.

I det ein annan robot dukkar opp for å kartlegge standen på jorda for menneskja som no bur på ein romstasjon, kryssar vegane til han og vår vesle robot WALL·E. Og roboten WALL·E blir som den humanoide framstillinga han er, forelska.

Nokon skjer med roboten som er sendt til jorda. Han blir inaktiv på eit vis. Roboten WALL·E tar på seg ei vernerolle, og blir med tilbake til verdsrommet då eit romskip seinare kjem for å hente roboten.

Dette er ein søt animasjonsfilm med eit spennande eventyr. Eg vel å sjå forbi at premissen er miljøpropaganda, og andre negative menneskesyn som kjem i løpet av filmen. Blir dette vektlagt i ei vurdering vil filmen bli øydelagt. Men her evnar eg til å sjå kjerna som handlar om å utvide horisonten, trakte mot noko nytt og betre, og finne ein ting som er viktig for deg. For roboten WALL·E er det roboten EVE.

WALL·E 2008 plakat - Filmdagbok