W*A*L*T*E*R

Serie · 1984 · · 14. mars 2013
2/5

Dette er pilotepisoden til W*A*L*T*E*R, ein serie som aldri blei til meir enn ein episode. Episoden blei sendt som ein tv-spesial i 1984.

Serien hadde M*A*S*H-karakteren Walter «Radar» O'Reilly (Gary Burghoff) i hovudrolla. Etter Korea-krigen har han blitt politi i St. Louis.

Dette imponerer ikkje, tvert i mot. Delvis på grunn av elendig lyd- og bildekvalitet, men mest på grunn av mangelen på gode vitsar.

I tillegg skal dette leve opp til M*A*S*H, men endar opp utan ein snev av det som gjorde M*A*S*H bra.

W*A*L*T*E*R 1984 plakat - Filmdagbok