War for the Planet of the Apes

Film · 2017 · · 1. november 2017
3/5

Eg gleda meg over den første filmen i den nye Planet of the Apes-serien, Rise of the Planet of the Apes. Den andre filmen, Dawn of the Planet of the Apes, fekk meg til å spørje meg sjølv om filmserien var god eller dårleg. Denne tredje filmen gjer at eg ikkje veit lenger.

Visuelt sett er filmen fin. Mykje av det andre var heilt greitt på sitt beste. Dei tre foreløpige filmane i filmserien heng ikkje heilt saman. Eg prøvde å hugse dei to førre filmane mens eg såg denne, men lykkast ikkje.

Eg er fan av Planet of the Apes-filmar, og vil sjå ein ny og kommande film uansett. Men eg har ikkje nokon høge forventingar til han.

War for the Planet of the Apes 2017 plakat - Filmdagbok