War of the Worlds

Film · 2005 · · 6. april 2007
2/5

Forkjølelse, aning til hovudverk, og War of the Worlds minus 15 minuttar. I HD. Mi første HD-oppleving. Utan at eg eigentleg var klar over det før langt ut i filmen.

Det var mest tilfeldig at eg enda opp med å sjå denne i kveld, når eg på besøk hamna midt i oppstarten når eg bladde mellom tv-kanalar. Det var altså dei første minuttane eg gjekk glipp av, så lite viktig at eg kryssar av i skjeftet for å ha fullført filmen.

Tom Cruise hamnar midt i suppa når romvesen angrip. Visstnok angrip dei over heile verda, så alle er jo midt i suppa. Ved si side har han to barn: Dakota Fanning som skrik seg gjennom filmen, og ein irriterande Tom Cruise-etterliknar som går under rollenamnet Robbie. Ingen, verken unge eller eldre noterer seg i prestasjonane.

Filmen består stort sett mest av venting, venting og øydelegging. Øydelegginga er dataanimasjon i bøtter og spann, og ikkje av spesiell interesse for meg. Utruleg flott laga er det nok, alle effektane osar av gryn til utvikling, og i HD legg eg ekstra merke til dette. Og sveitteporane til Tom Cruise.

Filmen er ikkje dårleg sånn eigentleg. Han har det tekniske på si side, og litt anna. Av litt anna kan eg trekke fram rollefiguren Tom Cruise spelar, som tar avstand frå dei mest forventa klisjeane i mange nok situasjonar til at eg legg merke til det. Robbie derimot, har fått for seg at han kan redde verda ved å verve seg til militære – mot viljen til faren. Så opplagt dust at det aldri blir betre enn eit irritasjonsmoment på film.

War of the Worlds fungerte greit. Ein del av æra må gå til filmkompanjongen som var med å gjere narr av ting undervegs. Eg trur filmen ville ha kjeda meg om eg skulle sett han åleine.

War of the Worlds 2005 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Tom CruiseDakota FanningMiranda OttoVis alle

Land