Warcraft II: Tides of Darkness

Spel · 1995 · · 15. juli 2013
5/5

På slutten av 1990-talet spelte eg uendeleg mange timar med Warcraft II: Tides of Darkness over nettverk. Både mot broren og mot ein kamerat. Det er med bakgrunn i den opplevinga at eg gir dette spelet full pott.

Sjølve enkeltspelardelen har eg berre runda ein gong. Så historia der sit ikkje så godt i minnet som fleirspelardelen. Men denne var i alle fall knakande god. Enten det var på lag mot datamaskinen, eller mot kvarandre.

Grafikken i Warcraft II: Tides of Darkness er også noko av det som har bitt seg fast som ein stil eg har likt siden.

IMDb-logo
Warcraft II: Tides of Darkness 1995 plakat - Filmdagbok