WarGames (1983)

Film / 12. mars 2012
4/5

David (Matthew Broderick) er opphengt i dataspel og er en kløppar på hacking. I forsøk på å komme seg inn på maskina til spelprodusenten ProtoVision, hamnar han hjå militæret. Spelet han startar mot supermaskina Joshua får store følger.

WarGames kom i arcade-spelets gullalder på tidleg 1980-tal og er teknologisk primitiv. Samtidig er det en studie i tidlegare teknologi, og et spennande dykk i den mentale tilstanden til spelindustrien. Det er nok av nostalgi, men filmen er ikkje utelukkande for datainteresserte.

Spenning og komedie er hovudingrediensane i WarGames. Me blir introdusert for en intelligent og datainteressert ungdom. Han er ingen nerd i den forstand at han framstår som en sosial og omgåeleg person. Skulen kjem i andre rekke, men er offer for mindre tidsbruk. WarGames er sånn sett med på å legitimere dataspeling som en normal og sunn hobby. Ein hobby som kan utfordre, utvikle og verke positiv inn på problemløysande eigenskapar.

Eg så WarGames i 2005 og likte filmen godt den gangen. Forventningane denne gongen gjekk meir ut på utbytte eg ville ha av å følge med på meir enn berre handlinga. Eg visste at filmen var god, og var meir interessert i å følge med på teknologien. Nyleg las eg boka Ready Player One av Ernest Cline som både referer til og har lete seg inspirere av WarGames. Eg prøvde derfor å bite meg merke i mest mogleg av det som var referert til i boka.

Å kunne knyte WarGames opp mot ei god bok gav ein ekstra dimensjon. Men i like stor grad som eg studerte detaljar blei eg rive med av spenningen og handlinga. Filmen er like god som eg førre gang eg så han, om ikkje betre. Forskjellen mellom no og 2005 er at eg i større grad set pris på studiet av tidsperioden. Mens eg i 2005 var hakket meir opphengt i at grafikken og teknologien i filmen var utdatert.

WarGames er en av dei betre tenåringsfilmane frå 1980-talet. Eit godt manus går i lag med en pen slump av et budsjett, og produksjonen speiler dette. Trass i all teknologien har filmen tålt tida godt og burde treffe breitt.

WarGames 1983 plakat - Filmdagbok

Regi

John Badham

Manus

Lawrence Lasker, Walter F. Parkes, Walon Green

Skodespelarar

Matthew Broderick, Dabney Coleman, John Wood (I), Ally Sheedy, Barry Corbin, Juanin Clay, Kent Williams (V), Dennis Lipscomb, Joe Dorsey, Irving Metzman

Sjangrar

Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om WarGames

Forfattar