Warm Bodies

Film · 2013 · · 17. juni 2013
2/5

Warm Bodies er ingen ekte zombiefilm, og dette er årsakene:

Det er ingen kur bortsett frå ei kule i hjerne, bortsett frå i Warm Bodies.

Zombiar kan ikkje snakke, tenke eller elske, bortsett frå i Warm Bodies.

Korleis i helvete kan ein zombie vere forteljarstemma, bortsett frå i Warm Bodies?

Warm Bodies er eigentleg ikkje ein zombiefilm, berre ein film med sjenerte utstøytte med dårleg smike som latar som.

Eg kan leve utan blod og nakenheit, men zombiar kan ikkje bli levande.

Ver kreativ, gjer noko nytt med formatet, bortsett frå det dei gjorde med Warm Bodies.

John Malkovich brukte å vere god i mange filmar, men no har han vore i Warm Bodies.

Er protagonisten, liksomzombien, ein dataanimert skapning frå 1990-talet?

Men eg må sei, filmen hadde ei form for handling med utvikling. Og han hadde mykje av det tekniske på plass. Sjølv om filmen ikkje var god, så var mange filmatiske ting på plass.

Dersom eg først skal slakte ein film fullstendig, så må det meste mangle. Å slakte ein film er ut frå hat. Og eg hatar ikkje Warm Bodies, eg vil berre aldri ha meir med filmen igjen å gjere.

Så han er ikkje anbefalt, sånn forresten.

Warm Bodies 2013 plakat - Filmdagbok