Wasted

Film · 2006 · · 28. juli 2008
2/5

Dette relativt ukjent amerikanske dramaet frå 2006 handlar om livet i ein småby som blir gjenopplevd av den utflytta collegestudenten Mitch (Kip Pardue) i samband med ei gravferd av ein tidlegare kamerat. Mitch er ikkje, og ingen andre i filmen heller, nokon distinkt hovudrolleinnehavar. Han deler det å vere senteret i filmen med dei andre og tidlegare kameratane sine. Dei er Stan (Eddie Kaye Thomas) og Dixon (Josh Cooke), men vinklinga mot historia går føre seg i stor del frå ein synsvinkel som kan bli opplevd som Mitch sin.

Her har me tre stykk som i lag er det klassiske eksempelet på venner som har vakse i frå kvarandre, men likevel søker tilbake som gruppe då deira felles venn har døydd. Det er på bakgrunn av at det ikkje ligg nokon krav eller forventingar i typen vennskap dei har.

Ungdomslivet i småbyen har sidan dei gjekk på high school blitt veldig avslappa med tanke på narkotika. Dette er ein av mange små problem filmen sirklar innom over langhelga handlinga handlar om. Elles ser filmen ut til å ha som mål å la oss bli kjente med karakterane og kvardagsproblema deira.

Wasted lykkast ikkje i å skape det store engasjementet. Han køyrer på kanten mellom å vere kjedeleg og skape noko flott og tona ned. Han har ein dyster undertone som blir henta fram i blant til fordel for filmen. Småbyen blir flott framstilt som eit dødt miljø utan særleg potensiale for ungdommen.

Når det gjeld personane og relasjonane dei i mellom manglar det derimot svært mykje for å gjere dette verdt pengane. Sjølv om skodespelarane i blant kan glimte til med gode prestasjoner. Resultatet er ein anonym film midt på treet. Kanskje dette er årsaka til at kinovising av han har uteblitt og det har teke så lang tid før filmen kom ut på video.

IMDb-logo
Wasted 2006 plakat - Filmdagbok