Watership Down

Serie · 2018 · · 2. januar 2019
3/5

Watership Down har blitt gitt ut både som film og serie før, men dette er mitt første møte med historia i noko form.

Denne versjonen av Watership Down er eit samarbeid mellom Netflix og BBC, og består av fire episodar: The Journey, The Raid, The Escape og The Siege.

Animasjonen spenner over eit større spekter. Delvis ser det ut som det er eit dataspel og er ikkje så rik på detaljar eller naturtru omgivnader. Andre deler av serien ser lekker ut. Kaninane er godt animert og eit pluss.

Opplevinga trekk litt ned innleiingsvis på grunn av animasjonen, men hentar seg fort inn på ei god historie som er lett å engasjere seg i. Eit tiltak som er gjort for å løfte serien er å ha mange kjente skodespelarnamn bak kaninstemmene, men det er ikkje utslagsgivande for kvaliteten til serien på nokon måte.

Watership Down handlar om kaninar som må rømme frå sin bustad, då menneske kjem for å øydelegge heimen deira med eit byggeprosjekt. Det blir ei farefull og innhaldsrik ferd, som i denne miniserien munnar ut i om lag fire timar med underhaldning.

Det er mykje interessert å ta tak i her. Sett bort frå historia som er god, har også kaninane eigne ord, religion, mytologiar som dei brukar og snakkar om. Og me får ikkje nødvendigvis forklaringa på kva dei meiner, men blir ståande som uvitande tilskodarar frå utsida av deira kultur i mange stunder.

Watership Down sitt tempo er det som trekk litt ned hjå meg når alt kjem til alt. Det går i blant litt seint å kome seg gjennom ei hending. Utover det likar eg serien godt, og er òg nysgjerrig på filmatiseringa frå 1978 der heile historia blir fortalt på 90 minuttar.

IMDb-logo
TV Time-logo
Watership Down 2018 plakat - Filmdagbok