Wedding Crashers

Film · 2005 · · 12. februar 2006
4/5

Ein heilt grei komedie. Dei har klart å unngå mange av dei verste klisjeane, men det er ikkje heilt fritt for alle.

Men så er eg ein av dei som tykkjer at Owen Wilson er morosam i sin evigrolege modus. Så viss du ikkje har andre Hollywood-komediar i tankane for framtida, så vil du ikkje angre på å sjå denne.

I tillegg vil eg også sei at filmen har klart seg godt etter eit gjensyn.

Eg lo nesten like mykje denne gongen som førre gang eg så han. Vince Vaughn er ikkje ein favorittskodespelar, men eg kan ikkje nekte for at han kan vere morosam. Owen Wilso er roleg som vanleg, og det er litt av det som gjer at eg respekterer han som skodespelar, han treng ikkje vifte med armane for å vere morosam.

Christopher Walken er ein skodespelar eg har høg respekt for, og nokon gonger kan eg le av ingen andre grunnar enn den at han er til stades. Eg trur det har noko å gjere med at eg ser på han som den seriøse personen, men at han likevel stadig dukkar opp i sprø roller, som i The Stepford Wives og Envy. Og Isla Fisher er både galen og søt, ein dødeleg kombinasjon.

IMDb-logo
Wedding Crashers 2005 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Owen Wilson (I)Vince Vaughn (I)Christopher WalkenVis alle

Sjangrar

Land