Weeds

Serie
2005–2012
3/5

Weeds er basert på ein morosam ide. Nemleg å gi ei husmor rolla som langar av marihuana, og legge serien til ein roleg forstad i USA. I starten tykte eg at tempoet var for lågt. Og at han trass i alt ikkje handlar om mykje meir enn ei dame som sel marihuana. Eg trudde aldri serien kom til å bli noko stort. Hamp fungerte i high school-filmar, men ville det fungere for ein heil serie?

Men revane rulla vidare gjennom sesongane. Det blei meir flytting av grenser i form av drygare banning, fleire eksplisitte scener og dryge argument allereie frå andre sesong av.

For andre sesong er i større grad eit eksempel på korleis betal-tv i USA kan nyte av å sjokkere og spe på med all den ordbruken som måtte passe. Serien legg i for stor grad vekt på nettopp å sjokkere til tider. Underhaldningsverdien blir uansett stor nok at eg ikkje kjem unna at dette utvikla seg til å bli utruleg festleg.

Enten det er gleda mi for grov humor og å sjå vaksne folk oppføre seg som barn eller anna. Eller å kunne ha empati med ei mor som langar og dyrkar marihuana blir god tv. Fleire enn meg må ha likt dette, ettersom serien fekk gå i åtte sesongar.

Weeds er god underhaldning, ei blanding av god humor og provokasjonar. Serien vågar å kritisere dobbeltmoralen til kristenfundamentalistar, og gi konstruktiv kritikk til pornobransjen. Blant mykje anna bra.

Eg var aldri den største tilhengaren av serien. Eg synst likevel han er god nok til å bruke tid på. Terskelen min for komediar er lågare enn for mykje anna. Det er uansett ikkje snakk om mange eller lange episodar.

Doug er favorittkarakteren min med sine mange collegehumorspøkar. Det friskaste i minne er banjospelinga hans og snakking i tunger.

Weeds 2005-2012 plakat - Filmdagbok

Publisert

12. september 2012 av

Merkelapp

Showtime

Skapar

Jenji Kohan

Skodespelarar

Mary-Louise Parker, Hunter Parrish, Alexander Gould, Kevin Nealon, Justin Kirk, Elizabeth Perkins, Andy Milder, Allie Grant, Tonye Patano, Romany MalcoVis alle 767 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Krim, Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Weeds