Weird Science

Film · 1985 · · 13. september 2013
3/5

Ungdomsfilmane til John Hughes frå 1980-talet var filmane som fekk meg interessert i tenåringskomedie frå 1980-talet og nærliggande sjangrar. Filmane hans, blant anna The Breakfast Club og Ferris Bueller's Day Off, held seg godt og er lette å like.

Weird Science handlar om to utstøytte nerdar i ungdomsalder. Dei blir inspirert av ein Frankenstein; or, The Modern Prometheus-film til å lage ei eiga drøymekvinne. Etter ein enkel og sprø, men god montasje får dei det til. Etter nonchalant hacking og heftig teknologi til å vere ein guteroms-PC i 1985, dukkar drøymekvinna opp i truse og kort t-skjorte i baderomsdøra.

Tilbakevendande stjerne i John Hughes-filmar Anthony Michael Hall, og ein mindre kjent Ilan Mitchell-Smith, er Gary og Wyatt. Kvinna er Kelly LeBrock. Og i ei mindre rolle går Robert Downey Jr. og sikler etter synet av kvinna.

Med ei pen dame som kan trylle byrjar ting å gå betre for Gary og Wyatt. Weird Science har lite rot i verkelegheita, og er full av tåpelege idear og episodar. Gode tåpelege. Og John Hughes kan balansere det. For trass i det enkle, opplagte og rare fungerer dette. Og det er heller ikkje på grunn av mykje sjølvironi. Sjølv om filmen har litt av det så handlar det meir om at stemninga har rom for det.

Eg såg Weird Science for første gang for ni år sidan. Over tid har eg danna meg eit bilde av filmen som ein av dei beste tenåringskomediane frå 1980-talet. Men det er å ta hardt i meiner eg no. Weird Science er ein heilt grei og gjennomsnittleg film, som har eit stykke å gå for å nå opp til John Hughes-filmane eg nemnde innleiingsvis. Konkurransen i denne sjangeren er uansett ikkje den sterkaste, og samanlikna med mykje anna kjem han godt ut. Eit artig gjensyn var det uansett.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Weird Science 1985 plakat - Filmdagbok