Welcome to the Dollhouse

Film · 1995 · · 29. juli 2007
3/5

Skeptisk til kva Todd Solondz skulle by på denne gongen gav eg meg i gang med filmskaparen sin andre film, ein drama og komedie frå 1995.

Todd Solondz har det med å ta opp seriøse tema som ofte involverer barn, rare folk eller seksualitet, eller alle tinga samla. Welcome to the Dollhouse handlar om utskotet Dawn som nettopp har starta på junior high school. Verken familie, lærarar eller medelevar ser ut til å bry seg særleg om henne. Det hjelp heller ikkje at ho er eit godt stykke i frå å vere pen. Mangel på det eg kan kalle ekte kontakt hjelp ikkje når ho er i byrjinga av fasen for å skape sin eigen identitet.

Greia med både Happiness og Palindromes, dei to andre filmane til Todd Solondz som eg har sett dei siste par åra, er at dei klarer å skape eit ubehag i måten tema blir utforska på. Slik regissøren sikkert vil. Denne filmen går i same retninga, men går heldigvis ikkje så langt. Han blir liggande nærare rar enn ubehageleg. Ei lette, ettersom eg synst dei andre filmane gjekk litt langt.

Welcome to the Dollhouse 1995 plakat - Filmdagbok