Welcome to the Rileys (2010)

Film / 24. januar 2013
4/5

James Gandolfini spelar ein gift mann som under ei jobbreise til New Orleans bestemmer seg for å bli verande i byen.

Welcome to the Rileys handlar om korleis ekteparet Riley taklar en personleg krise. Ei krise som gradvis har fått feste over fleire år. Filmen handlar også om korleis sorg kan manifistere seg år etter ei handling.

Det eg likte med Welcome to the Rileys er at filmen har en humoristisk vinkling på den seriøse historia. I lag får me både en framstilling av en sorgprosess og komedie, utan at komedien tar overhand.

Men det er det spesielle vennskapen som oppstår mellom Gandolfini og Kristen Stewart som spelar mest inn i å gjere filmen sjåverdig. Eller helst korleis karakteren til Gandolfini oppfører seg.

Welcome to the Rileys startar tregt, men byggjer seg opp over tid og leverer varene både tidsnok og fram til slutten. Både klisjeane og det presset av emosjonelle scener fungerer.

Welcome to the Rileys 2010 plakat - Filmdagbok

Regi

Jake Scott

Manus

Ken Hixon

Skodespelarar

James Gandolfini, Kristen Stewart, Melissa Leo, Joe Chrest, Ally Sheedy, Tiffany Coty, Eisa Davis, Lance E. Nichols, Peggy Walton-Walker, Sharon Landry

Sjanger

Drama

Land

Storbritannia, USA

IMDb

IMDb-side om Welcome to the Rileys

Forfattar