We're No Angels

Film · 1955 · · 16. desember 2011
4/5

We're No Angels er ein av dei få komediane som Humphrey Bogart spelte i. Det handlar om at han og eit par fengselskameratar rømmer på julaftan.

Trass i å vere kriminelle, så endar kjeltringane opp med å gjere ei god gjerning. For å kunne rømme frå Devil's Island der fengselet ligg, hadde dei tenkt å rane ein familie. I staden for å bli rana så blir familien offer for gode gjerningar. Heller enn at det blir Humphrey Bogart og kompani mot familien, så blir det dei mot andre uskikkelege folk.

Filmen er gode med vittige replikkar, fysisk humor og god karakterbygging. At karakterane i filmen får tid til å blomstre. Gode formidlinga av eit godt manus av gode skodespelarar gjer at me kan like dei på både handlingane og ein synleg og real motivasjon. Dette verkar inn på dramaet i filmen som då får ein god botn og blir meir enn til å fylle plass ved siden av komedien. Og komedien på si side får eit drama å spele mot for å skape kontrastar som framhevar kvarandre.

Trass i at filmen er tropisk blir det òg litt jul i heimen. Juletre, julemiddag og gode gjerningar heng i hop.

We're No Angels 1955 plakat - Filmdagbok