Wes Craven's New Nightmare

Film · 1994 · · 16. mars 2008
4/5

Det er duka for den sjuande filmen i A Nightmare on Elm Street-serien. Wes Craven er tilbake etter stadig nedoverbakke for serien sidan han skreiv manus til den tredje filmen, A Nightmare on Elm Street 3: Dream Warriors.

Med New Nightmare eig han ikkje berre registolen og skrivemaskina, han er også med i filmen i ei viktig rolle som seg sjølv. For New Nightmare er noko nytt når det kjem til A Nightmare on Elm Street-franchisen, Heather Langenkamp er ikkje Nancy og Robert Englund er ikkje Freddy, dei er seg sjølv, enn så lenge.

Det har gått ti år sidan A Nightmare on Elm Street og tre år sidan Freddy blei drepen for godt. Du ler kanskje litt der, korleis kan Freddy forbli død? For å gjere saka meir interessant kan me heller stille oss spørsmålet korleis Freddy igjen kan bli levande. Men Heather spelar altså Heather, gift og med eit barn, me trår inn i livet hennar i ein periode der bustadområde med omland er prega av mange mindre jordskjelv, i tillegg har Heather hatt eit problem med telefonterror.

Etter kvart får me vite at Wes Craven jobbar med en ny A Nightmare on Elm Street-film. Fyren Heather er i kontakt med gjennom New Line Cinema seier at nye mareritt har fått Wes Craven til å gjere dette vedtaket. Med denne grunngjevinga rullar hjula.

Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, som til fin forandring er både smart og litt spennande. At me får møte skodespelarane frå den opphavlege filmen som seg sjølve gir dette ein ny dimensjon. Blandinga mellom draum og verkelegheit får ein porsjon ekte verkelegheit inn i seg, tilsynelatande, det er jo på ingen måte ekte ekte. Wes Craven har med innfallsvinkelen og ikkje minst bruken av ein talentfull barneskodespelar som sonen til Heather, skapt ein skrekkfilm med sjølvinnsikt og eg ser tydeleg skilt som peikar i retning Scream.

New Nightmare er ikkje så dryg på Freddy-karakteren og framstår som ein mykje reinare film, trass i mengder blod. Det ungdommelege preget er borte og det er meir mysterium og thriller enn grøssar. Sjølv om det er litt daft innimellom er dette i heilskap ein av dei filmane i serien eg har sete mest pris på til no. Han skil seg godt ut som eige arbeid, om kanskje endå meir for fansen enn tidlegare, likevel annleis nok til å ikkje blir stempla som nok ein oppfølgjar.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Wes Craven's New Nightmare 1994 plakat - Filmdagbok