Western Union

Film · 1941 · · 13. april 2021
3/5

Western Union er ein westernfilm med Robert Young og Randolph Scott i dei to mest sentrale rollane.

Robert Young spelar ein mann som står for utbygginga av telegraflinja til Western Union. Randolph Scott spelar ein mann med kriminell bakgrunn som får jobb i selskapet som står for utbygginga.

Filmen handlar i stor grad om farane ved utbygginga, i form av indianarar og kriminelle gjengar. Karakteren til Randolph Scott står midt oppi mange av dei vanskelege hendingane som skjer.

Som westernfilm er Western Union litt uskyldig. Med det meinar eg at han er smått tam, mest på grunn av valet han har gjort i å skulle vere ein hovudstraumsfilm, og måten dette blir handtert på.

Utover det så har eg veldig få innvendingar mot denne filmen. Han har ei god historie, gode skodespelarar, og held eit godt nivå. Det er berre det vesle ekstra som manglar for at han skal skilje seg ut i mengda.

Western Union 1941 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land