Wet Hot American Summer: First Day of Camp (2015–2015)

Serie / 2. august 2015
3/5

Som fan av tenåringskomedie frå 1980-talet, og like stor fan av filmar og seriar som både gir hyllest til og lager ekstra komedie ut av å sette handlinga til 1980-talet, gav eg meg lett i gang med Wet Hot American Summer: First Day of Camp. Eg likte filmen Wet Hot American Summer, utan å kunne sei at eg er den største fanen der.

Wet Hot American Summer: First Day of Camp ser ut til å vere del av ei bølge som skyl inn over oss av attoppstartar av gamle seriar og filmar. Iallfall har eg ikkje lagt stort merke til at det skjer før det siste året. I det legg eg at både skodespelarar og idegrunnlaget frå originalen er tilbake. Det er ein artig observasjon sidan fleire av skodespelarane har slått an i mellomtida.

Handlinga her er sett til ein sommarleir, og me følger mange av instruktørane på leiren i deira handtering av typisk ungdommelege situasjonar. Alt frå sommarkjærleik til andre greier. Opplegget og komedien i Wet Hot American Summer: First Day of Camp er at alt blir gjort på ein overdriven måte. Som ikkje alltid er like artig åleine, men som blir det som del av ein total.

Skjønt totalt sett er ikkje serien heller topp. Det er fornøyeleg mens eg ser på, men utmerkar seg ikkje som ein minneverdig serie.

Wet Hot American Summer: First Day of Camp 2015-2015 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Netflix, Wet Hot American Summer

Skaparar

Michael Showalter (I), David Wain

Skodespelarar

Marguerite Moreau, Zak Orth, Paul Rudd (I), Michael Showalter (I), Michael Ian Black, Bradley Cooper (I), Janeane Garofalo, Amy Poehler, Molly Shannon, Lake Bell

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Wet Hot American Summer: First Day of Camp

Forfattar