What Did Jack Do?

Film · 2017 · · 29. desember 2020
3/5

What Did Jack Do? er ein David Lynch-film som er laga til, eller kjøpt opp av Netflix. Eg har ikkje sett meg så grundig inn i dette, då eg tenkte å ta filmen på ståande fot utan vidare bakgrunnskunnskap. Og heller ikkje etter å ha sett han blei eg spesielt interessert i å lære meir om han.

Dette er ein kortfilm på 17 minuttar. Det er ein samtale mellom ein karaktert spelt av David Lynch, og ein apekatt som snakkar. Her er munnen til David Lynch lagt over munnen til apekatten. Det er ein samtale der det meste blir sagt mellom linjene. Det og eit spesielt songnummer mot slutten er det som gjer denne saken til ein kuriositet. Utover det så får eg ikkje så mykje meir ut av dette. Det er stemning, det er ein kunstig samtale, og det er ein tilsynelatande lite kostbar produksjon.

Eg trur dette er mest for dei spesielt interesserte.

What Did Jack Do? 2017 plakat - Filmdagbok