What We Did on Our Holiday

Film · 2014 · · 13. juli 2016
3/5

What We Did on Our Holiday er ein film om ein familie på fem, kor dei vaksne er separert og barna er noko spesielle. I samband med feiringa av fødselsdagen til faren til mannen, drar dei samla på besøk. Grunnen er at dei ikkje har sagt til barna at dei har separert seg, noko som skapar utfordringar for turen.

Dette er eit artig lite komisk drama med fleire morosame innslag, og nokon alvorlege. Det handlar om barn og forståing, død og sjukdom, irriterande familiemedlemmer og reine og skjære dumskapar som oppstår når du lyg.

Lyspunkta er fleire, men dei største er nok forholdet mellom far og mor, spelt av David Tennant og Rosamund Pike. Eg skulle gjerne sett meir til deira krangling. Filmen har mykje han vil si om mange personar, og det går på rekning av evna til filmen til å gå verkeleg i djupna på dei enkelte. Så når filmen er ferdig, sit eg igjen med kjensla av at noko mangla.

IMDb-logo
Filmfront-logo
What We Did on Our Holiday 2014 plakat - Filmdagbok