Whatever Works

Film / 2009
4/5

Woody Allen er tilbake i New York med Whatever Works, og med det ein nevrotisk og misantropisk karakter i hovudrolla.

Larry David har fått denne hovudrolla og passar i grunn perfekt som den Woody Allen-liknande Boris. For sjølv om Boris Yelnikoff er ein karikatur av ein person gjort med enkel komedie, har Woody Allen klart å balansere han med å gi meir av seg og sine problem.

Whatever Works er god på å bidra til å skape latter frå alvor, og har nokon av dei mest treffsikre replikkane eg har sett Woody Allen skrive.

Filmen var i all enkelheit ei svært positiv oppleving.

Whatever Works 2009 plakat - Filmdagbok