What's Up, Tiger Lily?

What's Up, Tiger Lily? er ulikt alt anna eg har sett av Woody Allen. Dette er ein klipt om og dubba versjon av den japanske spionfilmen International Secret Police: Key of Keys. Den nye dialogen på engelsk gir historia ny meining, då alle partane her er på jakt etter ei viktig eggesalatoppskrift. Det einaste Woody Allen har filma sjølv er introduksjonen som forklarer meininga bak filmen. Som alt anna her er dette vrøvl.

Blant mange spionfilmar som kom etter James Bond, kryr det her og av lettkledde damer, og Woody Allen har nok kosa seg stort ved å pepre dialogen full av direkte seksuelle hint, på eit vis som minnar meg om Harald Eia. Personleg synst eg dette var utruleg festleg på ein dum og absurd måte. Jakta på eggesalatoppskrifta er dessutan eit av dei beste eksempla på ein McGuffin eg har sett.

Det er ikkje så mykje å sei på denne filmen sett i ein Woody Allen-samanheng. Mannen gir mykje av seg sjølv gjennom den nye dialogen, som på enkelt vis speglar interessa hans for det filmtekniske og filmatiske omgrep. Tett følgd av usamanhengande svar.

Det beste ved filmen kjem i form av slike små gullkorn. Sjølve handlinga er ikkje anna enn ei godt under middels James Bond-etterlikning. Med desse to sidene mot kvarandre er det ikkje lett å gjere seg opp ei meining. Enten er det ein genistrek eller så er det usakleg, men hysterisk drit. Underhaldingsverdien er iallfall høg.

What's Up, Tiger Lily? 1966 plakat - Filmdagbok