Wheels of Aurelia

Eg sette i gong med Wheels of Aurelia i håp om å spele ei stilig og avslappande spel. Eg hadde lest at det skulle handle om å køyre bil gjennom Italia, og at det var samtalebasert handling under køyreturen.

Nesten umiddelbart etter at eg var i gong blei eg smått irritert over korleis dei få kontrollane i spelet fungerte. Ved val av replikk i ein samtale var vala berre synleg ein om gongen. Og når eg hadde vald ein replikk, blei han skriven heller sakte opp på skjermen på nytt, før eg fekk eit motsvar frå samtalepartnaren. Det heile var ei sakte oppleving som stogga den gode flyten som bilkøyringa baud på.

Forventingane mine til spelet var å få eit par timar med køyring og samtale. Og sjølv om samtalen og spelinga var heilt grei, var det ikkje så spennande at eg tykte spelet overbeviste meg. Det var heller slik at eg måtte legge godviljen til og håpe at det skulle ta seg opp. Så skjedde det brott at eg fekk ein beskjed om at karakteren min var drepen. Når eg skriv dette har eg framleis inga aning om kva samtaleval eg tok som førte til det. Men eg hadde spelt knappe halvtimen når det skjedde. Og det blei dråpen som fekk begeret til å renne over. Eg gav opp der og då, for tanken om å starte spelet på nytt orka eg ikkje. Starten var treg, og eg ikkje visste kva eg kunne forbetre for å komme meg vidare i spelet. Så det var ingen grunn til å gi det ein ny sjanse.

  • Wheels of Aurelia 2016 plakat - Filmdagbok
  • Wheels of Aurelia 2016 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    18. april 2020 av

    Regissør

    Pietro Righi Riva

    Manusforfattarar

    Claudia Molinari, Matteo Pozzi

    Sjanger

    Eventyr

    Land

    Italia

    IMDb

    IMDb-side om Wheels of Aurelia