When Harry Met Sally...

God romantisk komedie, utan at det er noko å felle tårer av her, men heller nokon gode sekvensar til å le godt av.

Eg må innrømme at eg aldri har likt Billy Crystal, og ligg litt på kanten i å like han i Analyze-filmane. Men det var før eg såg denne filmen, som er ei typisk fram og tilbake-historie med sin dose klisjear. Det er dialogen som er god, og kjemien mellom Harry og Sally som gjer at dette er verdt å sjå.

When Harry Met Sally... 1989 plakat - Filmdagbok