Where'd You Go, Bernadette

I Where'd You Go, Bernadette spelar Cate Blanchett arkitekt og spesiell mor, som etter å ha trekt seg tilbake ikkje har lykkast med livet på mange år.

Ukomfortable episodar og dårleg oppførsel, formidla på lett vis med humor som verkemiddel, er metoden til filmen. Han har også eit poeng med behovet for å vere eit skapande menneske.

Eg veit ikkje om filmen er verken fugl eller fisk. Han drar det ikkje for langt i å være sær, så han blir ikkje for snodig. Om det er for lite snodig, klarar eg ikkje å setje fingeren på. Det er hovudrolla i filmen som er det spesielle her, men ho er kanskje ikkje så interessant utover å vere litt spesiell.

På mange måtar verkar denne produksjonen som ei plankekøyring og følgjinga av ei oppskrift, ikkje som eit unikt verk eller ideen til ein filmskapar. Eg kunne tenke meg å sjå ein versjon av Where'd You Go, Bernadette som hadde meir særpreg. Men vil gi filmen ein liten tommel opp for å vere på veg dit.

Denne vil nok fort gå i gløymeboka som ein middels god film.

Where'd You Go, Bernadette 2019 plakat - Filmdagbok

Publisert

11. juli 2020 av

Regissør

Richard Linklater

Manusforfattarar

Richard Linklater, Holly Gent Palmo, Vincent Palmo Jr., Maria Semple

Skodespelarar

Cate Blanchett, Billy Crudup, Emma Nelson (IV), Kristen Wiig, Patrick Sebes, Zoe Chao, Lee Harrington (II), David Paymer, Megan Mullally, Laurence FishburneVis alle 113 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Where'd You Go, Bernadette