Where the Heart Is

Ei tenårig jente er gravid og berre veker unna fødselen når ho blir sett igjen av typen, som er faren til barnet, ved ein Walmart-butikk i ein ukjent by.

Dette er historia om korleis hennar uheldige situasjon får følger som på sikt er positive for denne kvinna. Nytt nettverk, nye moglegheiter og ei ny dotter.

Where the Heart Is spelar på kjensler og er ein ukomplisert film. Han er litt trist, litt fin, og akkurat passe god. Natalie Portman har ei snodig dialekt i filmen, men elles har eg lite å utsette på filmen.

Where the Heart Is 2000 plakat - Filmdagbok