While We're Young

Film · 2014 · · 29. oktober 2015
4/5

Eit ektepar i 40-åra utan barn blir venner med eit ektepar i 20-åra. Dei lar seg inspirere av levemåten til dei unge, og blir dratt inn i eit liv som er meir overflatisk og utspekulert enn dei trur.

While We're Young er nydeleg i sin observasjon av ulike typisk levemåtar. Han evnar til å sette framstillingane på spissen på ein tydeleg og humoristisk måte, og la det bli ein del av forteljinga. Det vaksne ekteparet har i grunn det perfekte liv, komfortabelt og godt, men i ei tid då deira næraste vaksne vennepar får barn søker dei etter eit alternativ. Alternativet kjem forkledd som eit ungt hipster-par, som lev i ei svirrande verd av fornekting og hipster-trendar. Men som forventa så er det i kjent hipster-stil ein fasade.

Styrken til filmen ligg i detaljane. Det er ikkje alt som skin gjennom først, men som blir avdekka over tid. Stilen er ikkje påtrengande i det overnemnte, og dette gjer det meir realistisk og det kjem gode poeng ut av det. Litt overdriving er til for komedien, og det glir rett inn.

While We're Young slo meg ikkje umiddelbart som ei original og god sak, men veks på meg undervegs, og eg sit igjen med inntrykket av å ha sett noko med ei form for stemme, opplysning og til dels kritikk. Som med mange gode filmar er det vanskeleg å framheve dei gode poenga. For produksjonen er på topp som seg hør og bør i ein film, og det ekstra som utgjer neste hakk på karakterskalaen er i detaljane.

IMDb-logo
Filmfront-logo
While We're Young 2014 plakat - Filmdagbok