While You Were Sleeping

While You Were Sleeping er ein typisk romantisk komedie frå 1990-talet. Med Sandra Bullock, storby og håplaus kjærleik. Ikkje overraskande er det òg ein lykkeleg slutt. Så det er ingen vits å late som det er spenning der.

Etter ei krass innleiing er det på sin plass å innrømme at eg har sansen for Sandra Bullock. I all hovudsak var det den avgjerande grunnen til at eg såg filmen. Ein annan grunn er at handlinga skjer rundt juletider. Det er altså ein julefilm.

Me har så Sandra Bullock som jobbar i billettluka på t-bana. Ho reddar Peter Gallagher frå å bli køyrt på av eit tog. Men han hamnar likevel i koma. Mens han søv så lyg Sandra Bullock på seg ei truloving med han, familien hans blir lurt og det blir mykje styr.

Om ikkje det var nok så skal Sandra Bullock attpåtil vere ei fantastisk ung kvinne i side, daglegdagse og stakkarslege klede. Og kva er flottare enn tilsynelatande naturleg skjønnheit som blir avslørt.

Men for å gå til filmen. Han er heilt grei, ikkje meir. Ingenting er nytt, ingenting er heller så godt gjennomført at While You Were Sleeping blir ståande som ein klassikar. Julestemninga eg jakta på var heller ikkje spesielt framståande, men er ikkje utgjerande for karakteren eg gir på nokon måte.

While You Were Sleeping 1995 plakat - Filmdagbok