Whiplash

Film · 2014 · · 28. februar 2015
4/5

Whiplash har mange gode sider ved seg. Den beste er formidlinga av talentet til hovudrolla Andrew (Miles Teller), og måten han går inn for å utvikle seg på. Ei vilje til å beundre og sjå opp til.

Plassen til Fletcher (J.K. Simmons) som motstandaren til Andrew, og som pådrivar, skapar den nødvendige emosjonelle sida. Whiplash er ein film som i stor grad byr på formidlingar som skal få deg til å føle. Du skal bli imponert av dyktige folk, og du skal like, mislike, tykkje synd i og stusse over det dei gjer. Eg stussar over kva som var filmen sitt overordna poeng. Andrew ser ikkje ut til å få igjen for det han investerer i.

Konflikten mellom Andrew og Fletcher er derimot ein filmatisk fryd å følge. Gode skodespelarprestasjonar mot kvarandre og åleine. Filmen har også god musikk og eit bra driv.

Whiplash 2014 plakat - Filmdagbok