White Christmas

Film · 1954 · · 24. desember 2009
4/5

Tolv år etter den kjekke julemusikalen Holiday Inn med stjernene Bing Crosby og Fred Astaire, er Bing Crosby tilbake i omgivnadene frå Holiday Inn. Songen White Christmas blei ein braksuksess i 1942, og er blitt tittelsporet til denne nyare julemusikalen der partneren til Bing Crosby er den solide songaren Danny Kaye.

Historia er i all hovudsak knytt gjennom showet til Wallace og Davis, karakterane til Bing Crosby og Danny Kaye. Songarane og søstrene Haynes, spelt av Rosemary Clooney og Vera Ellen, dukkar opp som kjærleiksinteresser, mens hovudtråden handlar om etterkrigstida for soldatar av 151. divisjon.

Med Holiday Inn i minne frå desember i fjor hadde det vore lett for meg å ta han fram som den beste, sidan eg akkurat har gløymt nok til at det beste sit igjen. For å vere rettferdig seier eg som så at White Christmas er ein flott musikal med gode songar, stemning og romanse, og at ei samanlikning får vere opp til den enkelte.

I tillegg til White Christmas byr filmen på fleire songar som sit som støypt, mykje takka vera fråvære av redselen for gjentaking av fengjande refreng til allereie framførte songar utover i filmen, men det er ein god ting å sitje og nynne til. Sisters som framført av Rosemary Clooney og Vera Elle er verdt å trekke fram, ved sidan av hyllinga av generalen. Det meste er til å like, sjølv om ikkje alt kan vere perfekt.

White Christmas har ikkje fått heidersplassen blant dei sette julefilmane i år av nokon spesiell grunn, og blei faktisk ikkje bestemt før vesle julaftan. Valet er likevel eit eg er nøgd med, ved sidan av å vere ein fin film, ein fin julefilm, og gi meg eit par nye klassiske gladsongar å søke opp, gav han meg lyst til å sjå igjen både Holiday Inn og leite fram andre perler i same sjanger.

White Christmas 1954 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land