White Heat

Film noir i gangsterstil. Ein ny variant for min del, men framleis ein god film. Med James Cagney som sjefen for ein gjeng, Cody Jarrett. Og med Edmond O'Brien som ein purk under dekke.

Gjengen til Jarrett ranar eit tog. For å sleppe unna straff om noko skulle skjere seg har Cody gått inn for å la seg fengsle i ein annan stat for ei anna mindre kriminell handling. Politimannen Fallon (Edmond O'Brien) let seg fengsle i same fengselet for å komme nær Cody, og bli ein venn av han.

Det som gjer denne filmen til ein film noir er skuggefull svart-kvitt kinematografi, femme fatale i form av kona til Cody, Verna (Virginia Mayo) og den skrudde psyken til Cody. Dei to første punkta var dei einaste eg la merke at kunne vere kjenneteikn for sjangeren, det tredje var rimeleg ukjent for meg som definisjon.

Uansett sjanger, White Heat er ein god spenningsfilm og gir god underhaldningsverdi. Mitt første møte med James Cagney gav meirsmak. Han er ein interessant skodespelar som gjer seg godt som halvskrudd gangster. Fallon spelar litt annleis politi enn eg er van med frå film noir, og har verken sigaretten i munnen eller sansen for Mrs. Jarrett. Det er ei fin avkopling.

White Heat 1949 plakat - Filmdagbok