Who Framed Roger Rabbit

I blant er det filmar som blir liggande usett. Dei er i medvitet, men blir aldri sett. Who Framed Roger Rabbit har vore ein sånn film for meg i fleire år.

Forventingane har vore låge. Det har vore grunnen til at eg ikkje har sett filmen før no. Det førte til ei positiv oppleving. Det han tapar på er at han ikkje går heilt i hop med filmsmaken min.

Det er overdriving på ein enkel måte som ikkje fell i smak. Mens andre deler av filmen er både morosam og fin å sjå på. Til slutt endar det difor opp som ein grei film.

Who Framed Roger Rabbit 1988 plakat - Filmdagbok