Who's Afraid of Virginia Woolf?

Who's Afraid of Virginia Woolf? er debutfilmen til den kjente regissøren Mike Nichols. Han står også bak den godt kjente The Graduate med Dustin Hoffman.

Who's Afraid of Virgina Woolf? er ein adapsjon av eit Broadway-oppsett frå 1963 med same namn. Sjølve manuset skal visstnok vere rimeleg likt skodespelet. Visse endringar er sjølvsagt gjort, utan at eg skal gå meir innpå det.

Heile filmen består av ei rekke med fyllekrangling, manipulering og liknande. Med Elizabeth Taylor og Richard Burton er det ganske festleg ei stund, for dei overtyder skikkeleg i spelet sitt. Men etter ein time byrjar det å bli slitsamt, og då hjelp det ikkje at filmen er over to timar lang.

Etter kvart blir det faktisk så kjedeleg at eg var nær ved å gi opp. I skrivande stund går dei siste minuttane på skjermen ved sidan av meg. Filmen hadde så mykje potensiale, men akk så kjedeleg det utvikla seg til å bli.

Før det heile floppar er den sjuke, mørke humoren så absolutt festleg, og filmen skil seg ut frå det mykje anna med utfordrande dialog.

Who's Afraid of Virginia Woolf? 1966 plakat - Filmdagbok