Wichita

Film · 1955 · · 16. august 2021
3/5

Ein kvegdriftar med mannskap styrer kvegflokken på mot Wichita. Den nye jernbanelinja dit har gjort byen til eit sentrum for frakt. Men også til ein stad besøkande vil bruke pengane sine på drikke og kvinner.

Wyatt Earp er ein annan som er på veg mot Wichita. Han har litt pengar i lommeboka, og vil starte sin eigen forretning, men veit ikkje kva endå. For den vante sjåar av westernfilmar eller kjenning av amerikansk historie, så er det kjent kva rolle han tek på seg til slutt.

Litt lesing om den faktiske historia til Wyatt Earp viser at mannen var i Wichita, men at mykje av det som skjedde der var litt annleis enn i filmen. Det er ingen problem for min del, då ulikskapane er interessane i seg sjølv.

Filmen er av den tradisjonelle typen med ein helt, eit oppdrag og ein del motstand. Wyatt Earp er ein mann som skal gjere ting på sin måte, trass i kva andre meiner. Han vik ikkje unna på prinsippa sine. Og det resulterer i ein god film.

Mange fulle menn i Wichita betyr bråk, og her likar eg korleis bråket blir framstilt som både alvorleg og humoristisk på same tid. Det er som med resten av filmen, ein balanse mellom det filmatisk og underhaldande, med eit alvor i botnen som legg føringar for motivasjonen til Wyatt Earp.

Eg likte dette godt. Kanskje ikkje så godt som dei beste Wyatt Earp-filmane, men filmen var like fullt verdt å bruke tida på.

Les også meldingar på www.derekwinnert.com (engelsk) og www.slantmagazine.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Wichita 1955 plakat - Filmdagbok