Wicker Park

Film · 2004 · · 28. desember 2004
3/5

Matthew (Josh Hartnett) og Lisa (Diane Kruger) er forelska, og Matthew spør Lisa om ho vil flytte inn hjå han. Ho er ordlaus og har dårleg tid, og må reise før ho får svart.

Ho avtalar å møte han neste dag, men noko kjem i vegen, og ho må reise til London. Ho skriv eit brev som ho ber ei venninne, Alex, om å gi til han. Men Alex er forelska i Matthew, og er sjalu på venninna, så ho gir ikkje brevet til han.

Matthew og Lisa mista kontakten, og når Matthew kjem tilbake til byen tre år seinare, snublar han over spor som kan føre han til Lisa. Men Alex, som Matthew ikkje veit kven er, gir seg ut for å vere ei anna Lisa som bur i den gamle leilegheita til vår ekte Lisa. Ho hindrar Matthew i å finne den ekte Lisa som også er i byen, og mellombels bur i leilegheita til Alex på grunn av ein desperat mann som ho har slått opp med.

Og så vidare.

Wicker Park 2004 plakat - Filmdagbok