Wilby Wonderful

På ei lita øy på ein ukjent stad bur eit lite utval meir eller mindre interessante menneske som utgjer nok problematikk til å danne grunnlaget for Wilby Wonderful. filmen er kanadisk og har blant anna Ellen Page på rollelista, så eg tippar det er på kysten av Canada.

Wilby Wondeful er ein av desse rolege filmane, med mindre budsjett og eit par kjente namn samt litt flott musikk, som får indie-omgrepet stempla på seg. Det er ingen viktig raud tråd, men heller nokon menneske som knyter dette saman ved at dei kjenner kvarandre og alle strir med problem i ulik grad, og at dette skjer i oppløpet til Wonderful Wilby-festivalen på øya.

Den positive sida til filmen er at eit par av problema har blitt gjort sopass alvorlege at det gir meg litt ekstra å følge med. Filmen tar større avstand frå å spele på sære menneske enn fleire andre uavhengige produksjonar som har gjort seg notert gjerne har gjort. Han overlet oss heller til eit lite øysamfunn utan dei største karikaturane. Dette får meg innpå minuset. Det skjer aldri dei mest merkverdige tinga som får meg til å fatte djup interesse. Det blir litt for slapt i lengda. Sjølv om det er ein fin film.

Wilby Wonderful 2004 plakat - Filmdagbok