Wild at Heart

Film · 1990 · · 29. august 2006
4/5

Det første plusset vil eg gi til musikken. Det er ei god blanding med filmmusikk av Angelo Badalamenti og populærmusikk. Angelo Badalamenti var ein komponist eg verkeleg fekk opp auget for gjennom The Straight Story, som også er ein David Lynch-film. I ettertid har eg lagt merke til når namnet har dukka. Slik kom eg til å legge ekstra godt merke til musikken hans her, og det skuffar ikkje. Han gav ei verkeleg bra stemning.

Nicolas Cage framfører eit par Elvis Presley-låtar som også gir et sterkt inntrykk. Elles er det ein del Chris Isaak inni bilde.

Nicolas Cage tar meg over på det andre plusset. Det vil sei han er det andre plusset, eller ein stor del av det iallfall. Eg har kanskje ikkje sett så mange filmar med han i, mest Gone in Sixty Seconds, National Treasure og Adaptation som eg kjem på. Men her i denne filmen er utvilsamt den beste rolla eg har sett han i, det er gjennomført stil. Jakke i slangeskinn, kule kommentarar og feite solbriller.

Også skal eg heller ikkje hoppe over alle dei andre som er med på å gjere filmen til det han er. Willem Dafoe som kriminell med eit sjukt smil. Harry Dean Stanton som litt mjuk etterforskar, som i ei scene møter den grufulle Durango (Grace Zabriskie), ei fantastisk artig scene å sjå etter å ha sett dei to spele mot kvarandre i Big Love.

Det er fleire pluss, men for ikkje å gjere det til eit innlegg som berre listar opp, så går eg rett over på David Lynch. Wild at Heart har som fleire andre David Lynch -filmar ein snev av det overnaturlege. Heldigvis, for flyten i filmen, er det ikkje så altfor mykje av dette, og det går fint an å få med seg historia. Små deler stussa eg likevel på kva betydde, utan at eg tenkte på det som anna enn ein dose David Lynch -krydder i filmen.

Det kan ikkje bli samanlikna med verken Lost Highway, Blue Velvet eller Mulholland Dr. Kanskje dette er grunnen til at filmen har klart å opparbeide seg kultstatus, ettersom det går an å få med seg ei enkel handling her.

Eg tenkte ut nokon fleire ting undervegs mens eg såg filmen, men han var så lang og god og full av mykje handling at eg mista litt grepet på ting etter kvart. Eg mista ikkje grepet på filmen derimot, han var grei å følge heilt ut. Det var heller så mykje å legge merke til som gjorde at den eine artige episoden tok over for den andre interessante episoden. Og så vidare. Ei god filmoppleving, gjennomført.

Wild at Heart 1990 plakat - Filmdagbok