Wild Card

Som sjåar av ein del filmar har eg visse rutinar. Det betyr personar, typar filmar eller andre kjenneteikn eg går etter utan å gjere forarbeid. Jason Statham er ein av desse. Med filmane han deltar i veit eg stort sett kva eg får, og det er ei eller anna form for action og krim. Ergo set eg ukritisk i gang med filmane hans.

Fallhøgda er aldri spesielt stor, og det er ho ikkje her heller, sjølv om Wild Card nok skuffar litt. Det er for sløvt, men heldigvis leverer filmen godt og brutalt innimellom. Det handlar om Las Vegas, speleproblem og drapsteknikk. Så kan du heller førestille deg resten utan å forvente deg noko splitter nytt.

Eg vil sei at dette er ein av dei meir anonyme rollene som Jason Statham har spelt dei siste par åra. Om du er på jakt etter det beste så styrer du unna.

Wild Card 2015 plakat - Filmdagbok