Wild

Blant dei mange typane film eg likar, så står filmar om å gå på tur høgt. Enten det er i naturen som med Martin Sheen i The Way, eller i byen som med Growing Up and Other Lies. Sistnemnte var rett nok ein svak film, men eg likte ideen.

Årsaka kan vere at den usynlege veggen mellom meg og filmen lettare blir borte dersom filmen gir inntrykk av å forflytte seg utan å hoppe for langt. Men manus må også vere på plass, noko må skje undervegs.

I Wild handlar det om ei utfordring som Cheryl (Reese Witherspoon) set seg. Ho skal gå over tusen engelske mil til beins, og legg ut på turen åleine. I løpet av denne turen blir ho kjent med seg sjølv og grensene sine, og eit par personar undervegs.

Vegen ho går er langs Pacific Crest Trail, ein sti som strekk seg frå sør i California til nord i Washington. Ein tur som totalt sett er over dobbelt så lang som den Cheryl går.

Eg trur først og fremst at filmen vinn fram på at han er inspirerande, med eit høgt mål som blir sett, og at turen verkar spennande. Som med The Way så får eg lyst til å pakke sekken og gå. Og som med The Way så har me ein karakter med ein trist bakgrunn, som er motivasjonen og det dramatiske poenget i filmen.

Eg er ikkje overbevist om at dette er blant dei beste filmane om å gå på tur, men han ligg nære dei beste eg har sett, og byr på to timar med eit flott eventyr.

Wild 2014 plakat - Filmdagbok

Dato

20. juli 2015

Forfattar


Skodespel

Reese WitherspoonLaura DernThomas SadoskiVis alle

Sjangrar

Land