William & Kate

Film · 2011 · · 23. oktober 2015
3/5

Denne Lifetime-filmen baserer seg i ei eller anna grad på historia om når Kate Middleton og prins William møtte kvarandre. Basert på sanne hendingar står det, og det kan bety så mangt. Eg har aldri vore ein forkjempar for at fiksjonsfilmar skal etterleve opphavet sitt og hendingane dei er inspirert av, men meiner ein film er ein film og bør gjere det ein film må gjere for at han skal bli god.

Historia i William & Kate går frå dagen prins William startar utdanninga i Skottland til dagen dei to giftar seg. I mellomtida er det oppturar og nedturar. Filmen legg vekt på det romantiske dramaet, og har på ingen måte nokon komplisert struktur eller uventa resultat.

Det er ein fin og hyggeleg film, og Camilla Luddington gjer ei god rolle som Kate Middleton, som også er den mest interessante karakteren i filmen. William gjer lite ut av seg, men ikkje så lite at han er unødvendig i filmen som trass i alt handlar om begge to.

Med eit kritisk blikk vil eg ikkje sei påstå at William & Kate gjer stor meir enn å underhalda mens han går føre seg. Han er ikkje spesielt til ettertanke eller tenking undervegs, men dette var heller ikkje noko eg forventa. Ulike filmar har ulike funksjonar.

IMDb-logo
William & Kate 2011 plakat - Filmdagbok