Win a Date with Tad Hamilton!

Film · 2004 · · 17. august 2005
3/5

Av dei mange romantiske komediane eg har sett den siste tida ligg denne høgare oppe enn andre. Det er ikkje så mykje komedie som det er eit romantisk drama, men når filmen først er morosam, så er det bra saker.

Filmen gav meg ei god kjensle innvendig og fekk meg i godt humør, og det med god grunn. For dette er ikkje noko typisk søppel. Få overtydelege og dårlege klisjear, så det går greitt. Og eg må gi skryt til Topher Grace, som viser at han også kan spele i seriøse roller på den store skjermen.

Topher Grace var grunnen til at eg såg denne filmen i første omgang. For eg har sett ganske mykje av That '70s Show den siste tida, og prøver å utvide horisonten med dei ulike folka frå serien i filmar dei spelar i. Topher Grace gjorde det godt i Traffic, og kunne vel halde seg unna dei enklaste titlane.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Win a Date with Tad Hamilton! 2004 plakat - Filmdagbok