Window Wonderland

iWindow Wonderland er en julefilm frå Hallmark som kom ut i 2013. Han er regissert av Michael Scott og har Chyler Leigh og Paul Campbell i sentrale roller.

Forventingane var justert etter at eg har sett ei stor mengde julefilmar Hallmark den siste tida.

Filmen handlar om to tilsette som jobbar med utstillingsvindauge i eit kjøpesenter. Det nærmar seg jul, og presset aukar på å levere gode utstillingar som kan trekke folk inn i senteret. Etter kvart blir det også ein konkurranse om å vere best for å ta over ei fast stilling.

Nesten sjølvsagt er også dette ein romantisk komedie. Og ein passe fornøyeleg ein. Sannsynlegvis fordi eg har sansen for Chyler Leigh, og fordi Paul Campbell endeleg viser litt teikn til liv. Eg har støytt på han tidlegare blant julefilmane i år i ei tammare rolle.

Det er avgrensa kor djupt denne filmen stikk, men han evnar å ha meir enn berre overflate. Og han brukar litt tid på å komme seg djupare inn i liva og motivasjonen til karakterane.

Filmen leverte over forventing. Det betyr at han er underhaldande og morosam nok, og at eg ikkje kjeder meg. Det kan vere ei bragd nok i denne føreseielege filmverd som romantiske komediar og julefilmar er.

Ønskar du å sjå ein trygg og hyggeleg julefilm som ikkje prøver å vere banebrytande, så kan Window Wonderland passe. Forventar du eit godt drama eller ei djup historie vil du bli skuffa.

Window Wonderland 2013 plakat - Filmdagbok