Winnie the Pooh & Christmas Too

I denne filmen møter me Ole Brumm og vennene hans. Dei skal skrive eit brev til julenissen, som skal bli frakta med vinden til Nordpolen. Men fordi noko blei gløymt i det brevet blei skrive, må brevet stoppast. Eg såg denne kortfilmen som ein del av ein nyare Ole Brumm-film som heiter Winnie the Pooh: A Very Merry Pooh Year, og som har meir julerelatert historie i seg. På grunn av dette fekk eg sett filmen i samanheng med ein nyare produksjon, og eg vil konkludere med at Ole Brumm er som det alltid ha vore. Lun og koseleg humor.

Her baserer historia seg nok ein gong på at Ole Brumm er håplaus, Nasse Nøff er redd, Tussi er nedfor, Tigergutt er spretten, og Petter Sprett er irritert.

Winnie the Pooh & Christmas Too 1991 plakat - Filmdagbok