Winter of Frozen Dreams

Thora Birch var storarta i Ghost World, men gjer ei like kjedeleg rolle i Winter of Frozen Dreams som det filmen er kjedeleg. Han støtter meg opp på meininga min om at ein film basert på ei sann historie betyr lite eller ingenting.

Winter of Frozen Dreams er dårleg strukturert. Det er ein rotete film som ikkje klarar å bygge seg opp til slutten som filmen opnar med.

Det er ikkje motiverande å sjå ein film der den kriminelle handlinga er uinteressant, ufullstendig framstilt, langt i frå mystisk og aldri blir skikkeleg løyst. Eg hugsar ikkje kvifor eg skulle sjå filmen, men eg gløymer han vonleg snart.

Winter of Frozen Dreams 2009 plakat - Filmdagbok