Winter Passing

Ei ung kvinne spelt av Zooey Deschanel reiser frå New York, kor ho jobbar som skodespelar og bartender, og tilbake til bustaden til far sin i Michigan.

Ho blir tilbode ein god slump pengar for kjærleiksbreva faren har skrive til hennar avlidne mor. Faren er ein kjent forfattar, og breva er ettertrakta.

Når ho kjem heim oppdagar ho at faren har latt Corbit (Will Ferrell), ein mislykka kristen musikar, og Shelly (Amelia Warner), ein tidlegare elev av faren, flytte inn. Sjølv drikk han og skriv på eit eller anna frå kontoret i garasjen.

Winter Passing er ein dramakomedie om sorg og ei slags gjenforeining mellom far og dotter. Det er ein film med artige karakterar, og ei grei historie, og kan vere fin å sjå om du har sansen for skodespelarane Zooey Deschanel og Will Ferrell.

Winter Passing 2005 plakat - Filmdagbok