Witches of East End

Serie
2013–2014
3/5

Det var tre grunnar til at eg sette i gang med Witches of East End. Jenna Dewan som eg har sett i She Made Them Do It. Rachel Boston som eg har sett i ein julefilm i haust. Og at dette er ein Lifetime-serie. Men det var det faktum at serien er god underhaldning som fekk meg til å sjå meir enn ein episode.

Tittelen treff blink. Dette er ein serie om hekser. Og det er ei solid gruppe kvinner i hovudrollene. I tillegg til overnemnte er Julia Ormond og Mädchen Amick sentrale.

I løpet av to korte sesongar møter alle desse karakterane utfordringar som stort sett baserer seg på hemn mot dei frå deira lange eller tidlegare liv. Første sesong leverer mest om det som skjer i ettertid av at dei to yngste nyleg har fått vite at dei er hekser. Mens andre sesong i større grad har ein samanheng og eit større alvor. Skilnaden er ikkje den største, men nok til at det er ein variasjon mellom sesongane.

I motsetning til Lifetime-filmar som gjerne er enkle greier, så er denne serien på høgde med mykje anna. At Witches of East End har ei samanhengande historie gjer at han er meir interessant enn mange ungdomsseriar frå The CW og liknande. Det er typisk ungdomsseriar derifrå som handlar om dette. Men Witches of East End er ei vaksen greie.

Eg hadde ingen kunnskap om eller interesse for hekser før eg starta dette, og stilte med blanke ark. Minus det eg har sett på film før rett nok. For meg fungerte dette godt som ein serie om overnaturlege element, og det er også eit kurant om enn enkelt drama. Karakterane i serien er lett å kjenne igjen og utmerkar seg verken negativt eller ekstraordinært. Eg sette nok størst pris på karakteren til og gjensynet med Mädchen Amick frå Twin Peaks, som er det fargerike alibiet i den sentrale familien Beauchamp.

Witches of East End er ein typisk god serie, men når ikkje heilt opp til å bli blant dei verkeleg gode. Det einaste grunnlaget eg kan anbefale han på er om du har interesse for temaet eller andre overnemnte faktorar.

Witches of East End 2013-2014 plakat - Filmdagbok

Publisert

1. november 2015 av

Merkelapp

Lifetime

Skapar

Maggie Friedman

Skodespelarar

Julia Ormond, Mädchen Amick, Jenna Dewan, Rachel Boston, Daniel di Tomasso, Eric Winter, Christian Cooke, Bianca Lawson, Ignacio Serricchio, Virginia MadsenVis alle 173 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Fantasi

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Witches of East End