Withnail & I

Film · 1987 · · 10. november 2007
2/5

Så stod eg der med eit lekkert metallomslag i hendene, såg på ein tittel som stod på Kosmorama sitt filmprogram i april tidlegare i år, opna ein boks som inneheldt både filmmusikken og ekstramateriale i tillegg til sjølve filmen. Ein usett film for ein billeg penge, så eg kjøpte han.

Withnail & I er ingen ny film, då han kom ut i 1987 blei han godt motteken. Han har gjennom åra selt bra på video og etter kvart fått kultfilmstatus. Han har tredje plass på Total Film si beste komediar-liste og er 92 % fersk på Rotten Tomatoes. Sterke salstal har nok gjort filmen fortent til ei jubileumsutgåve, den lekre innpakninga og meir. Klart eg hadde høge forventingar.

To venner, begge arbeidslause skodespelarar, bur i det som må vere ein av dei skitnaste leilegheitene i London. Der bruker dei tida på børst og piller for å fortrenge frustrasjonen over aldri å få jobb. Så ein dag bestemmer dei seg for å reise på landet til ei hytte onkelen til Withnail tilbyr dei å låne, for å samle krefter. Men situasjonen blir ikkje lettare av å vanke i ei nedkjølt hytte utan skikkeleg mat eller drikke.

Det kan godt hende dette var ein av dagane då det rett og slett ikkje passa å sjå ein mørk og våt film om to menn i dei verste augneblinkane i livet sitt. For Withnail & I fenga ikkje spesielt godt. Eg fekk aldri taket på dei tomme, alkoholpåverka samtalane eller karakterane her.

Nokon lyspunkt er det. Då promillen er på sitt høgaste og Withnail eller eg-personen får hetta. Stort sett er det meir slitsamt. Filmen har nok ein del kvalitetar som eg ikkje set pris på. Eg får aldri inntrykket av at dette er ein dårleg laga film, han passar berre ikkje inn på mi toppliste.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Withnail & I 1987 plakat - Filmdagbok