Woman on Top

Film · 2000 · · 25. oktober 2016
3/5

Ei brasiliansk kvinne blir forrådt av mannen sin, og drar til San Francisco kor ho vil starte eit nytt liv. Ho er ein dyktig kokk, og får moglegheiter som følge av dette.

Woman on Top er ein komedie om ei kvinne som har latt seg styre av fysiske avgrensingar, men no grip sjansen. Kombinasjonen av nye opplevingar og stader gjer deg oppmerksam på at du kan om du vil, spesielt viss du har jobba for å bli flink til noko.

Samtidig hjelper det ikkje alltid å rømme frå noko, utan å ha tatt eit oppgjer med seg sjølv om det. Det er dette som filmen bringer av historie til fatet når ektemannen til kvinna følger etter henne til San Francisco.

Woman on Top kara seg opp til ei plassering midt på treet når det blir snakka om rangering. Han har lyspunkta sine, men er prega av tida. Fleire av forteljargrepa er billege klisjear, og filmen feilar i inkluderinga si av overnaturlege fenomen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Woman on Top 2000 plakat - Filmdagbok