Wonder Woman

Som andre filmar i satsinga DC Universe Animated Original Movies er Wonder Woman ein knallkjekk animasjonsfilm med gjenkjennelege stemmer. Nathan Fillion og Keri Russell gjentek romansen som i Waitress, og det er berre starten på namnelista.

Wonder Woman er byrjinga på sagaen om den sterke kvinna, og er ein animasjon som inneheld ei god blanding av mytologi, overnaturlege krefter og det moderne Amerika. På 74 minuttar er dette ei perfekt lengde for ein for det meste actionfylt film, som burde passe like godt for vaksne som for og dei yngre.

Filmen var iallfall til stor glede og innfridde oppbygde forventingar hjå meg, etter at eg har sett tidlegare DC Universe Animated Original Movies-filmar.

Wonder Woman 2009 plakat - Filmdagbok